About this role
Psykiatrisk klinikk har ledig 100 % fast stilling som psykologspesialist i Førde. Stillinga er plassert ved Akutt Døgn , og psykologspesialisten inngår i behandlarteam saman med overlegar, legar i spesialisering (LIS) og sosionom. Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Klinikken har også sjukehusoppgåver med Akutt Døgn som har ØH plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Helse Førde sitt opptaksområde omfattar om lag 110 000 innbyggjarar. Akutt Døgn er ein lukka akuttpsykiatrisk sengepost med 15 sengeplassar. Vi flytta inn i nybygg i 2021. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har døgnkontinuerleg akuttberedskap. Akutt Døgn tek imot pasientar til både frivillig og tvungent psykisk helsevern. Ønskjer du ein variert og spennande arbeidskvardag i eit triveleg arbeidsmiljø, kan dette vere stillinga for deg. Nyttig informasjon ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF. Arbeidsoppgåver Arbeidet vil bestå av akutte vurderingar av pasientar som er i behov av rask psykisk helsehjelp, diagnostisering, korte intervensjonar, behandling for ein allmenn pasientpopulasjon, samt rådgjeving og rettleiing til kommunane Utøve fagleg ansvar for vedtak etter psykisk helsevernlova Rettleiing av psykologar i spesialisering og anna helsepersonell Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar Samarbeid med pårørarande Kvalifikasjonar Psykologspesialist med norsk autorisasjon i klinisk psykologi med vedtakskompetanse i henhold til psykisk helsevernlov Psykologar som er under spesialisering, og som forventar å oppnå spesialistgodkjenning innan eitt år, vert oppmoda om å søkje og kan verte vurderte for stillinga. Ha god kjennskap til psykisk helsevernlova og erfaring med vedtakshandtering Søkjar må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg Erfaring ifrå spesialisthelsetenesta og arbeid med alvorlege psykiske lidingar Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell) Personlege eigenskapar Du er strukturert Du er prosess- og løysingsorientert Du tåler å stå i krevjande situasjonar. Du kan ta avgjersler som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbodet Du trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team Du har gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Høgt fagleg nivå Triveleg arbeidsmiljø Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift) Fagleg og personleg utvikling Løn etter gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonRoger Lundekvam, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 488 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5119002328 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 05.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.