About this role
Intensiv Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling for engasjert og dyktig intensivsjukepleiar. Oppstart i løpet av året, eller etter avtale. Om stillinga Stillinga inngår i årsturnus med tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg. Arbeidsstad er Førde sentralsjukehus. Stillinga kan ikkje delast. Det er krav om deltaking i tredelt turnus, inkludert sein- og nattevakter. Om avdelinga Intensivavdelinga i Førde har sentralsjukehusfunksjon for Sogn og Fjordane. Avdelinga behandlar både medisinske og kirurgiske pasientar, frå pasientar som treng oppfølging etter mindre kirurgiske inngrep til intensivpasientar med behov for non-invasiv eller invasiv respirasjonsstøtte. Avdelinga tilbyr pasientar mellom anna hemofiltrasjonsbehandling og hypotermi etter hjartestans. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåver varierar frå behandling av postoperative pasientar, til meir avansert overvakings- og intensivbehandling. Kvalifikasjonar For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon som sjukepleiar og vitnemål med bestått intensiv vidareutdanning Ein må kunne handtere/ha erfaring med intensivpasientar og ha kompetanse på teknisk utstyr til denne pasientgruppa Fagkompetanse er vesentlig Erfaring vil bli vektlagt Intensivsjukepleiar med pasientkontakt må beherske norsk munnleg og skriftlig på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarende Bergenstesten) Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Det blir vektlagt at ein kan samarbeide i team, og ha evne til å kunne takle periodar med stress, men og takle roligare perioder der ein likevel jobbar med fag. Være løysingsorientert Personlige eigenskapar blir vektlagt. Her er team arbeid, fleksibilitet og faglig interesse av stor betydning. Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift) Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonWenche Hårklau, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 080 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5191880046 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.