About this role
Er du helsefagarbeidar og vil prøve noko nytt? Då er kanskje dette noko for deg! Avdeling barne- og avlastningstenester har ledig 61 % fast stilling som p.t nattevakt. Vi søkjer primært etter helsefagarbeidar, men andre med tilsvarande utdanning eller erfaring kan og søkje. Om du ikkje har relevant utdanning kan stillinga eventuelt verte omgjort til eitt års vikariat. Personleg eignaheit vert vektlagd. Stillinga er ledig frå dags dato. Eining Bu- og Rehabiliteringstenestene yt tillegg til barne- og avlastingstenester, tenester til vaksne menneske med ulike funksjonsnedsettingar som inkluderar mellom anna fleire bufelleskap, dagsenter, avlastingstenester og støttekontakt. Arbeidsoppgåver Helse, omsorgs og pleiefagleg oppfølging Miljøarbeid og ivaretaking av tenestemottakar i samsvar med gjeldande enkeltvedtak Bidra til fagleg kvalitet tråd med faglege og etiske retningsliner Arbeidsoppgåver delegert frå næraste leiar Dokumentasjon i EPJ Førefallande arbeid Legemiddelhandtering kan verte aktuelt Kontakt med foresatte og andre samarbeidspartnarar Kvalifikasjonar Autorisert helsefagarbeider eller eventuelt anna relevant utdanning/erfaring Erfaring frå arbeid med pleie og omsorgsarbeid ein fordel Du har gjerne erfaring med arbeid frå målgruppa God datakunnskap Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg Du evnar og har vilje til å sette deg inn i gjeldande lovverk for aktuelle område Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som har ei særleg interesse for å arbeide med born og unge Du er omsorgsfull og evnar å vere ein trygg og ansvarsfull vaksen Du må ha stå på vilje og kunne handtere utfordrande situasjonar Du er fleksibel og løysingsorientert Du er aktiv bidragsytar til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø Du evnar å arbeide godt sjølvstendig, og tek sjølvstendig ansvar Du har gode samarbeidsevner Du held deg fagleg oppdatert Du er open, lojal og til å stole på God omstillingsevne Personleg egnaheit vert vektlagt Vi tilbyr Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø Gode pensjons- og forsikringsordningar i KL Gratis parkering Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonEva Eline Nygaard Tandstad, Avdelingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 94156291, [email protected] Lisbeth Vinjevoll Schei, Einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, [email protected] ArbeidsstadHaugneset 20 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5181269263 Stillingsprosent: 61% Fast Startdato: 01.11.2026 Søknadsfrist: 25.10.2026 Om arbeidsgiveren: Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her !