About this role
Bu- og rehabiliteringstenestene i Sykkylven kommune søkjer etter fleire støttekontakter og avlastarar. Vi har behov for fleire støttekontakter og personar som kan vere avlastrar på timebasis og avlastarar i privat heim. Vi oppmodar vaksne menn til å søkje! Har du tid til og interesse for å bidra med dette? Då kan kanskje dette vere noko for deg! Som støttekontakt kan du arbeide både med barn og unge - samt vaksne med funksjonsnedsettingar. Arbeidstad Eigen heim eller fritidsaktivitetar Som støttekontakt/avlastar blir du pålagt å fremsyne politiattest før tiltreding jf. § 5-4 i Helse og omsorgstenestelova. Arbeidsoppgåver Støttekontakt: Bidra til at brukar skal ha ei meiningsfull fritid, følgje til aktivitetar ol Avlastning: bidra til at omsorrgsytar får naudsynt avlastning Kvalifikasjonar Må vere fylt 18 år Du må vere glad i å vere i lag med born/unge som har behov for ekstra støtte til å delta på fritidsaktivitetar. Ikkje utdanningskrav Førarkort klasse B er ein fordel Personlege eigenskapar Du må være pålitelig, sosial og ha evne til å vise respekt overfor brukaren KontaktinformasjonEva Tandstad, avdelingsleiar barne - og avlastingsbustad, 48159110, [email protected] Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, [email protected] ArbeidsstadHaugneset 16 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 4748383707 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.12.2026 Om arbeidsgiveren: Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her