About this role
Vil du vere med og gjere det enkelt for folk å reise i Vestland – også når dagen ikkje går heilt etter planen? Kvar dag er mange avhengige av Skyss for å kome seg til arbeid, skule og fritidsaktivitetar. Korleis vi møter kundane og løyser utfordringar undervegs, har stor betydning for kvardagen til mange vestlendingar.Vi treng ein leiar for den nyoppretta avdeling operasjon. Her får du ansvar for at kundane møter eit tilbod som fungerer godt, dag ut og dag inn. Du samlar arbeidet med reiseinformasjon og kundeservice, og samarbeider tett med operatørane som køyrer for oss gjennom god og tett avtaleoppfølging. Når noko ikkje går som planlagt, skal kundane få god informasjon, og avdelinga skal vere rusta til å handle raskt.