About this role
Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 350 elevar fordelt på utdanningsprogramma; studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknologi- og industrifag, og TAF/YSK (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde i kurs for maritim sektor.Kantina ved Måløy vidaregåande skule er ein viktig del av det sosiale livet i skulen. Det er ein viktig møteplass for elevane der dei kan kjøpe mat, ete, vere sosiale, gjere skulearbeid eller berre slappe av. Tilsette i kantina og det å jobbe i kantina er difor eit viktig bidrag i skulen sitt miljøarbeid.Måløy vidaregåande skule har ledig 40% stilling i kantina frå 1. november-26.