About this role
Vil du vere med og utvikle reiselivet og forme framtidas besøksforvaltning i ein kommune med spektakulær natur, sterke lokalsamfunn og høge ambisjonar – og samtidig ha ei sentral, operativ rolle i gjennomføringa?Stryn kommune søkjer ein engasjert, fagleg sterk og tydeleg operativ reiselivskoordinator.Du vil få ei utviklande og koordinerande rolle for reiselivet i Stryn kommune. Du vil jobbe ute i felten i pressområder i høgsesong - “hands on”, og sjå til at turiststraumen fungerer godt. Reiselivsnæring i Stryn kommune i samarbeid med Nordfjord Havn tek i mot mange gjester som kjem med cruisebåtar til indre Nordfjord. Ein viktig del av jobben er å legge til rette for gode opplevingar også for desse. Utanom sesong, vil du ha kontorplass i administrasjonen i Stryn kommune og jobbe med besøksforvaltning og tilrettelegging for reiselivet. Stillinga ligg under eining for Samfunnsutvikling, og du vil arbeide i eit tverrfagleg miljø med dyktige kollegaer innan plan, byggesak, eigedom, næring og landbruk og i tett samarbeid med Nordfjord havn. På grunn av driftsbehov i høgsesongen (juni–august), må ferie i utgangspunktet planleggjast og avviklast utanfor desse månadane.