About this role
Er du vår nye rektor ved Oppstryn skule og barnehage ? Vi søkjer ein leiar som ønskjer å vidareutvikle eit samla oppvekstsenter med fokus på læring, inkludering og samarbeid saman med tilsette, føresette og lokalsamfunnet. Oppstryn skule og barnehage er samlokalisert som oppvekstsenter med 1-7 skule med skulefritidsordning / SFO og barnehage. Oppvekstsenteret ligg på Hjelle i Oppstryn i Stryn kommune og er samlokalisert. Bygget er av god stad, har vore jamnleg vedlikeholdt og modernifisert. Oppvekstsenteret ligg flott plassert med nydeleg utsikt mot Oppstrynsvatnet og ved sidan av idrettsbana og ballbingen i Oppstryn. Skulen har i dag 24 elevar og det er knytt omlag 5 årsverk fordelt på 7 tilsette i skule og SFO. Barnehagen har ei aldersblanda avdeling med 15 born og det er omlag 5 årsverk fordelt på 6 tilsette. Samlokaliseringa gir gode moglegheiter for heilskapleg arbeid med overgangar og oppvekstløpet for barn og elevar.Oppstryn byr på unike moglegheiter for friluftsliv, aktivt bygdemiljø og gode oppvekst vilkår. Oppvekstsentert ligg nær turområde og areal godt eigna for uteskule, bålbrenning og anna uteaktivitet.