About this role
Vil du vere med og forme digitale løysingar bak dei gode kvardagsreisene? Skyss har eit viktig samfunnsoppdrag og er ein synleg del av kvardagen i Vestland. Vi treng ein leiar som ser korleis teknologi kan gjere det enklare å reise kollektivt og bidra til den digitale utviklinga i Skyss. Dette er eit viktig grunnlag for nøgde kundar og vidare passasjervekst.Vi treng ein leiar for avdeling teknologi. Her skal du samle behova i Skyss, skape tydelege prioriteringar og sørgje for at teknologiske val gir nytte for organisasjonen og kundane. Du skal synleggjere moglegheiter og gi organisasjonen eit godt grunnlag for avgjerder. Saman med fagmiljøa skal du utvikle arbeidsprosessar og bidra til at nye digitale løysingar blir tekne i bruk på ein god måte.