About this role
Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har grunna permisjonar og vakanse ledig 60 % stilling på natt som helsefagarbeidar. Stillingsprosent kan aukes etter dialog. Arbeidsstad er pt. avdeling bufellesskap. Bufellesskap har 10 plassar for personer med kognitiv svikt. Helsefagarbeidar stillinga er pt. innplassert i arbeidsplan med nattevakter og med arbeid kvar 3. helg. Vi har årsturnus. Oppstart etter avtale. Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune.Bufellesskap er samlokalisert med sjukeheim, dagaktivitetssenter, heimetenester, storkjøkken og andre kommunale tenester på Steinshamn, Harøya. Helsefagarbeidarstillinga er knytt til Sandøy omsorgsdistrikt som består av eit lokalsamfunn med fleire øyar, Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse- Nordøyvegen. Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur. Kommunen har verdiane open, engasjert og modig og har fokus på bærekraft i planlegging, gjennomføring og evaluering i tenestene.