About this role
Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har ledig 100% fast stilling som kokk i storkjøkken, avd. Sandøy kjøkken. Oppstart etter avtale. Arbeidsgivar kan drøfte annan stillingsprosent. Stillinga er innplassert i arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg. Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune. Andre avdelingar i Sandøy omsorgsdistrikt er sjukeheim, bukollektiv, dagsenter, heimetenester.Storkjøkkenet tilbereder mat til institusjon - sjukeheim, bemanna bukollektiv og dagsenter. I tillegg tilberedes det mat til heimebuande med vedtak matombringing etter kok-server prinsipp. Kjøkkenet driftar Nærmiljøkafe og tek på seg catering oppdrag ut frå kapasitet. Som kokk i storkjøkken i Sandøytunet bidreg ein til gode pasientforløp med god ernæring til pasientar og brukarar. Ein er og ein viktig bidragsytar i sosiale møteplassar gjennom matservering i Nærmiljøkafe. Omsorgsdistriktet er eit lokalsamfunn med fleire øyar, der Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse -Nordøyvegen.Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.