About this role
Fjord1 har ledig stilling som matros i sambandet Husavik-Sandvikvåg, på vår flotte el-ferje MF Husavik.På dette sambandet arbeider ein i døgnskift. Du har eitt døgn på jobb etterfølgt av eitt døgn fri i ein periode på 12 dager. Ved helgevakt har du samanhengande opphald om bord frå fredag til måndag. Etter arbeidsperioden følgjer 9 samanhengande fridagar.I samband med skiftordninga bør ein bu innan rimeleg reiseveg til Husavik eller Sandvikvåg, då rederiet ikkje har bufasilitetar dei døgna ein har fri.Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!Tilsetjing skjer etter avtale, med ønske om oppstart snarast. Vi vurderer kandidatar fortløpande.