About this role
Fjord1 har no ei ledig stilling som matros på sambandet Eidsdal-Linge, pt. MF Norddalsfjord.Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald. Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget. Attraktiv turnus: 2 veker på, 2 veker av. Kvileordning på nattskift og lange samanhengande friperiodar gir god balanse mellom jobb, familie og fritid. For dei som ønskjer å pendle, blir det utbetalt køyregodtgjersle for halvparten av reisene til og frå jobb. Ved behov er det også moglegheit for hybelordning i Eidsdal.Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!