About this role
Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen,- Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er samlokalisert sentralt på Danmarksplass. Det er seksjon for gruppebehandling som nå søkjer overlege/spesialist.Er du psykiater med interesse for personlegdomspsykiatri og gruppeterapi? Ønskjer du å vere ein del av eit sterkt terapeutisk og fagleg fellesskap?Seksjon for gruppebehandling er ein spennande arbeidsplass med 17 høgt kvalifiserte medarbeidarar, mellom anna seks psykologspesialistar. Seksjonen har eit breitt og mangfaldig behandlingstilbod, og vi arbeider kontinuerleg for å tilby differensierte behandlingstilbod som møter behova til pasientane og klinikken.Vi har no ledig ei 50% fast stilling som overlege/spesialist i psykiatri. Stillinga gir moglegheit til å vere med på å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø og bli ein del av det veksande psykiaterfellesskapet ved Kronstad DPS.Om seksjonenSeksjonen tilbyr strukturerte polikliniske behandlingsprogram i gruppe med ei integrativ behandlingstilnærming. Alle gruppene blir leia av to terapeutar.Vi tilbyr psykoterapeutiske gruppetilbod av varierande lengd for pasientar med samansette psykiske vanskar. Utgreiing av pasientar er òg ei sentral oppgåve i seksjonen. Pasientgruppa er samansett, med hovudvekt på personlegdomsforstyrringar, angstlidingar, depresjon og livskriser. Ved behov tilbyr vi individuell oppfølging som del av behandlingsforløpet. Seksjonen tilbyr mentaliseringsbasert behandling (MBT) for pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring, og har i tillegg eigne behandlingsprogram for pasientar med engsteleg unnvikande personlegdomsproblematikk.HIT-høgintensiv trening som terapi er også ein del av korttidstilbodet ved gruppeseksjonenKven søkjer vi?Vi søkjer ein psykiater som kan ha medisinansvar i seksjonen. Det er ønskjeleg at den som blir tilsett, er allsidig og fleksibel i si tilnærming til behandling, og positiv til å delta i både gruppe- og individualterapi. Søkjaren sin kompetanse, erfaring og interesseområde vil kunne påverke innhaldet i stillinga. På sikt kan det òg vere aktuelt å etablere LIS-stilling i seksjonen.Fagmiljø og utviklingsmoglegheiterSeksjonen utgjer eit sentralt fagmiljø i Bergen innan personlegdomsretta og gruppeterapeutiske behandlingsmetodar. Vi deltek i forskingssamarbeid gjennom Nettverk for personlegdomsforstyrringar, eit nasjonalt nettverk for personlegdomsretta behandlingsprogram i Noreg.Oppstart etter nærare avtale.