About this role
Forskingsavdelinga ved Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus (HUS), har ei eittårig forskarassistentstilling ledig.Gene-to-Circuit Laboratory er ein del av Bergen Psychosis Research Group og er lokalisert ved Bergen Center for Medical Stem Cell Research ved HUS og Universitetet i Bergen. Laboratoriet vert leia av Novin Balafkan og Sadaf Ghorbani.Forskinga vår handlar om korleis genetiske variantar påverkar genregulerande og cellulære nettverk i svært tidlege utviklingsfasar. Vi følgjer desse prosessane frå genom til fenotype ved hjelp av modellar baserte på humane stamceller, funksjonell genomikk med CRISPR-teknologi og enkeltcelleprofilering.I denne stillinga vil du i hovudsak arbeide med CONVERGE, eit prosjekt finansiert av Forskingsrådet. CONVERGE undersøkjer korleis risikogen for nevroutviklingsforstyrringar og medfødde hjartesjukdomar påverkar den normale utviklinga av hjerne- og hjarteceller.Målet vårt er å kartleggje kva gen som styrer desse biologiske nettverka i dei ulike celletypane, korleis risikovariantane påverkar dei på tvers av vev, og kvar det kan vere mogleg å setje inn tiltak for å gjenopprette normal funksjon.