About this role
Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har ledig 2x100% fast stilling som sjukepleiar. Oppstart etter avtale. Arbeidsstad er sjukeheim og bemanna bufellesskap. Sjukepleiestillingane er pt. innplassert i to og tre-delt arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg. Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune. Vi har rekrutteringstillegg for sjukpleiarar inkl. tiltak for bompenger Nordøyvegen. Sjukepleiar i omsorgsdistriktet har vaktsamarbeid, og ein får soleis erfaring frå både bufellesskap, sjukeheim og heimetenester. Sjukepleiarar bemannar også legevaktsatelitt etter gjennomgått kompetansehevande kurs. Alle helse og omsorgstenster er samlokaliserte i Sandøytunet på Harøya. Det er godt samarbeid med kommunal legetenester mellom anna med arbeid i tverrfagleg helseteam som har møter to gongar i veka for samarbeid om pasientar- for gode pasientforløp. Omsorgsdistriktet er eit lokalsamfunn med fleire øyar, Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse -Nordøyvegen.Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.