About this role
Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPENStord vgs har ledig inntil 3 faste stillingar som miljørettleiar/miljøarbeidar i 81 % stilling, for tida knytt til tilrettelagt opplæring. Stillingane følgjer skuleruta og er av den grunn 81% med arbeidstid 5 dagar for veka når elevane er på skulen.Menn vert oppmoda om å søke