About this role
Seksjon for anestesileger og smertepoliklinikk Ålesund har fleire ledige vikariat for lege i spesialisering innan anestesiologi. Oppstart er 1. november 2026, eller etter avtale.Seksjon for anestesileger og smertepoliklinikk ligg under avdeling for akutt, operasjon og intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus. Vi har rundt 30 anestesilegar og dekker fire vaktsjikt (primærvakt, bakvakt, flyvakt og helikoptervakt). Vi har 9-delt tilstadesvakt i primærsjiktet, med arbeid i operasjonsavdeling, dagkirurgi, intensiv, akuttmottak og smertepoliklinikk. Ålesund sjukehus har ein kirurgisk og ein medisinsk intensivavdeling der anestesilegane har ansvaret for kirurgisk side(med 10 sengar, 3 reine intensivplassar) og intuberte medisinske pasientar. Sentraloperasjonen har 12 stover og har eit breidt spekter av operasjonar (uro, gastro, kar, endo, tann/kjeve, føde/gyn, ortopedi samt ei stove for mindre inngrep/undersøkelsar). På dagkirugen er det augeoperasjonar, øyre-nase-hals, samt gynekologi, ortopedi, blautkirurgi og tannbehandling. Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.