About this role
Volda sjukehus søkjer to dyktige spesialistar i fødselshjelp og kvinnesjukdommar. Vi ønskjer allsidige spesialistar med gode samarbeidsevner. Vi tilbyr ein aktiv og variert arbeidsdag i eit sterkt og triveleg fagmiljø.Vi har rundt 500 fødslar i året, i låg til moderat risikogruppe. Vi har ikkje barneavdeling, men det er knytt barnelege til barselavdelinga. Anestesiseksjonen har ansvar for akuttsituasjonar med nyfødde. Innan gynekologi dekkjer vi utgreiing, behandling og operasjonar av alle vanlege gynekologiske tilstandar. Vi har eit tett og godt fagleg samarbeid med resten av sjukehuset lokalt, og med kvinneklinikken i Ålesund.Vi er opptekne av fleksibilitet og ønskjer å finne gode løysingar for aktuelle kandidatar. Vi kan vurdere fleksible turnusløysingar og arbeidsplanar som gir moglegheit for samanhengande arbeidsfrie periodar, og vi er òg opne for å vurdere redusert stillingsprosent.Du er velkomen til å ta kontakt med oss for meir informasjon!