About this role
Vi har ledig eit vikariat som ergoterapeut/fysioterapeut i 100 % stilling fram til 30. april 2027, med moglegheit med forlenging og fast ansettelse. Vi søkjer ein engasjert og sjølvstendig medarbeidar som ønskjer å bidra til å styrkje meistring, funksjon og livskvalitet for innbyggjarane våre. Stillinga er variert og gir moglegheit til å arbeide med brukarar i ulike aldrar og livssituasjonar. Arbeidsoppgåver Kartlegging, vurdering og oppfølging av brukarar i heim og institusjon Rehabilitering og habilitering Rettleiing og opplæring av brukarar, pårørande og tilsette Vurdering og formidling av hjelpemiddel Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar Delta i kommunen sitt demensteam Oppfølging av personar med demens og deira pårørande Bidra i arbeid knytt til demensutgreiing, rådgjeving og tilrettelegging Kvalifikasjonar Autorisasjon som ergoterapeut eller fysioterapeut (Andre med relevant helse- og sosialfagleg utdanning og erfaring kan også bli vurderte for stillinga) Erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel Interesse for arbeid med personar med demens og deira pårørande Evne til å arbeide sjølvstendig og i tverrfaglege team Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Må ha førarkort klasse B Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve. Vi tilbyr Ei spennande og variert stilling Faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Tett samarbeid med engasjerte kollegaer på tvers av tenesteområda KontaktinformasjonMonica Øygarden Halvorsen, Einingsleiar omsorg og meistring, +47 90920315, [email protected] ArbeidsstadLundenvegen 30 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5188406756 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 16.10.2026 Om arbeidsgiveren: null