About this role
Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan gjera ein forskjell- kvar einaste dag? Er du sjukepleiaren/vernepleiaren som alltid sett pasientane i fokus, bidreg med din kompetanse, samt evnar å halde hovudet kaldt og hjartet varmt? Då ynskjer me at du søkjer! Ved Kviteseid omsorgssenter (KOS) er fylgjande stillingar ledig: Sjukepleiar/vernepleiar, 2 x 100% fast stilling frå d.d. Sjukepleiar/vernepleiar, 1 x 70% fast stilling frå d.d Stillingane er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3. helg. KOS er ein sjukeheim med totalt 32 plassar. Hjå oss vil du møte ei pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå. KOS er ein arbeidsplass der kvalitet, omsorg og utvikling gjeng hand i hand. Me jobbar for at våre pasientar skal kjenne på tryggleik, verdigheit og ein best mogleg kvardag. Me leitar etter ein engasjera sjukepleiar/vernepleiar som vil bli ein viktig del av vårt gode lag. Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar. Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. Arbeidsoppgåver Utføre helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med gjeldane krav til kvalitet og lovverk Administrative oppgåver knytt til det sjukepleiefaglege Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga Rettleiing, undervisning og informasjon til kollegaer, studentar, brukarar og pårørande Tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar Interesse for faget og utvikling av dette God digital kompetanse Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø Mellommenneskelege arbeidstilhøve Du har godt humør, er fagleg engasjera og har eit hjarte for eldreomsorg Du er fleksibel, strukturert og løysningsorientert Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å jobbe sjølvstendig Du kan tilpasse deg ulike situasjonar og arbeidskvardaga Du kan prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve. Vi tilbyr Årsturnus Ansvarleg sjukepleiar/vernepleiar på topp dag, kveld og helg Moglegheit for å søkje om utgiftsdekning ved relevant vidareutdanning Fagleg utvikling Intern og ekstern undervisning, fokus på øving og ferdighetstrening Triveleg arbeidsmiljø med godt samhald og mykje humor KontaktinformasjonHelene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, 92033268 ArbeidsstadKviteseidgata 13 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5121571680 Stillingsprosent: 100, 70% Fast Søknadsfrist: 31.08.2026 Om arbeidsgiveren: Kviteseid kommune ligg i Vest-Telemark, har omlag 2.500 innbyggjarar. Vi har golfbane som er kåret til beste golfbane i Norge i Golfamore Awards 2025, basert på rangering frå medlemmane. Vi har også alpinanlegg og utandørs klatrevegg. Vi har vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert og Kviteseid er kommunesenteret, som ligg midt i kommunen. Det er kort veg til aust, vest og Sørlandet. Klimaet er fint året rundt.