About this role
Vil du ha ein variert og fagleg spanande kvardag? Er du fleksibel, engasjert og trivst med å bygge gode relasjonar? Då vil vi gjerne ha deg med på laget! Bemanningseininga i Sunnfjord kommune søkjer deg som er helsefagarbeidar og vil bruke kompetansen din på tvers av tenesteområda i omsorg. Bemanningseininga er ei eining i Sunnfjord kommune som skal formidle kompetanse og arbeidskraft ved kortare fråvær til ulike einingar i omsorg. I Bemanningseininga får du jobbe med ulike menneske, i ulike einingar – frå institusjon og heimetenester til psykisk helse og bu- og miljøteneste. Her får du høve til fagleg utvikling, god opplæring og eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi har ledig: 100 % fast stilling som helsefagarbeidar Vi kan tilby: tillegg på kr 20.000,- for å jobbe i Bemanningseininga kompetansetillegg for relevant vidareutdanning gode pensjons- og forsikringsordningar Arbeidsoppgåver: dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak legemiddelhandtering sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde sikre journalføring Krav til søkar: fagbrev som helsefagarbeidar gode kommunikasjons- og samarbeidsevner gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg godkjent politiattest gode IKT kunnskapar bør ha førarkort klasse B Vi søker deg som: har eit ekte engasjement for å jobbe med menneske med ulike behov, og møter kvar enkelt med respekt og omsorg trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team er ein god lagspelar som bidreg til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø er fleksibel, trygg og open for endringar held deg fagleg oppdatert og er ein pådrivar for kvalitet og god etisk praksis Velkomen som søkar! Du må søke elektronisk. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.