Now hiring

Bu- og avlastingstenesta har ledige stillingar som @ SUNNFJORD KOMMUNE , SENTRALADMINISTRASJONEN

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Sunnfjord bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna teneste som gir avlasting til familiar med særs krevjande omsorgsoppgåver. Vi søker deg som ønsker å gjere ein positiv forskjell i livet til barn og unge med funksjonsnedsetjingar. Som tilsett hos oss får du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag, der relasjonsbygging, fagleg utvikling og samarbeid står sentralt. Delar av stillinga kan omfatte arbeid i heim, inkludert nattevakter. Vi har ledig: 4 faste stillingar i 100 % som autorisert helsefagarbeidar Arbeidstida er organisert i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Hos oss er fagleg kvalitet viktig. Du vil vere ein aktiv del av arbeidet med å planleggje, gjennomføre og evaluere tiltak for det enkelte barnet eller ungdommen. Vi utarbeider tiltaksplanar i tett samarbeid med føresette, barn, ungdom og aktuelle samarbeidspartar. Vi legg vekt på tillit, sjølvstende og fagleg refleksjon, og vi gir rom for at du i stor grad kan vere med og påverke eigen arbeidskvardag. Arbeidsoppgåver: legemiddelhandtering primærkontaktansvar skape trygge og føreseielege dagar gjennom struktur, omsorg og gode relasjonar planleggje og gjennomføre aktivitetar tilpassa den enkelte sine behov og føresetnader samarbeide med føresette og interne og eksterne samarbeidspartar planleggje, følgje opp, evaluere og oppdatere tiltak journalføre i CosDoc praktiske oppgåver som matlaging, klesvask og anna førefallande arbeid delta i ansvarsgrupper ved behov Kvalifikasjonar: norsk autorisasjon som helsefagarbeidar førarkort klasse B god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre interesse for fagfeltet og motivasjon for å arbeide med barn og unge personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt Det er ein fordel om du: er tolmodig, trygg og omsorgsfull trivst med ein variert arbeidskvardag med både høgt tempo og rolege periodar bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø deler kunnskap og erfaringar med kollegaer Vi tilbyr: ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell i kvardagen til barn og unge eit inkluderande, fagleg sterkt og utviklingsorientert arbeidsmiljø varierte arbeidsdagar med aktivitet, meistring og glede gode pensjons- og forsikringsordningar moglegheit for fagleg utvikling og påverknad i eigen arbeidskvardag Gyldig politiattest må leggast fram før tiltreding. Velkomen som søkar! Vi ser fram til å høyre frå deg Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores