Now hiring

Avdelingsingeniør @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Medisinsk teknisk avdeling (MTA) har ledig vikariat som avdelingsingeniør ved Seksjon for intensiv og operasjon. MTA forvaltar medisinsk teknologi og informatikk i Helse Bergen. Vi tar også del i forsking, utvikling og innovasjon og har ansvar for utstyr til heimebehandling av pasientar. Arbeidsoppgåvene spenner over eit stort spekter som for eksempel å delta i anskaffingar og installasjon, planlegge og utføre service og oppdateringar, utarbeide rutinar og dokumentasjon og konfigurere medisinsk utstyr og IKT-systemløysingar. Avdelinga legg stor vekt på kompetansebygging med kursing både internt og eksternt. Hovudfokuset for avdelinga sine om lag 90 tilsette er at meir enn 50000 utstyrseiningar og tilhøyrande IKT-systemløysingar skal kunne nyttast til beste for pasientane, og vere trygge å bruke for pasientar og behandlarar. MTA er ein del av Drift/teknisk divisjon. Arbeidsoppgåver Utføre reparasjonar, planlagde kontrollar/vedlikehald, oppdateringar og konfigurasjon Delta i anskaffingar av nytt utstyr og tilhøyrande IKT-systemløysingar Delta i/utføre mottak, risikovurdering og driftsetjing av utstyr og IKT-systemløysingar, oftast saman med leverandørar og andre samarbeidspartnarar Delta i opplæring av teknisk og klinisk personell Samarbeide med klinisk og teknisk personell for å sikre best mogeleg bruk av utstyr og IKT-systemløysingar til beste for pasientane Andre oppgåver etter behov Kvalifikasjonar Bachelorgrad i medisinsk teknologi, automasjon, elektronikk eller liknande. Annan utdanning kan vurderast ved særskilt relevant erfaring Det er ønskjeleg med erfaring innan forvaltning og vedlikehald av medisinsk utstyr Førarkort kl. B Må meistre norsk og engelsk både munnleg og skriftleg Det er ønskeleg med samtykke frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) til å arbeide med reparasjon av elektromedisinsk utstyr. Personlege eigenskapar Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Du er vennleg og hjelpsam mot kollegaene dine Du arbeider ryddig, målretta og strukturert Du tek initiativ og har evne til å gjennomføre arbeidsoppgåver Du tilpassar deg lett - er serviceinnstilt, løysningsorientert og fleksibel Du har motivasjon og interesse for fagfeltet Vi tilbyr Ei utfordrande og spanande stilling ved eit av dei største sjukehusa i Noreg Ein allsidig jobb med gode moglegheiter for utvikling Eit stabilt arbeidsmiljø prega av stort mangfald både i utdanningsnivå og profesjon (fag) Moglegheit for å væra medlem i eit aktivt bedriftsidrettslag Fleksibel arbeidstidsordning Pensjon og forsikringsvilkår i KLP Lønn etter avtale Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKirsti Legernes, Seksjonsleiar, 92684925, [email protected] ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5185401516 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 16.11.2026 Sluttdato: 30.10.2027 Søknadsfrist: 08.10.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores