Now hiring

Barne - og ungdomsarbeidar @ ENGELSVOLL SKULE

NO0A1, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Engelsvoll skule har ledig eit vikariat innan barne - og ungdomsarbeidarfaget ut skuleåret 26/27. Stillinga er ledig frå 01.11.26. Stillinga er delt mellom skule og SFO. Vi søker deg som er ein engasjert, tydeleg og omsorgsfull vaksen. Du har solid relasjonskompetanse, er inkluderandre og robust i møte med elevane, og trivst med arbeid i eit profesjonelt læringsfellesskap. Kjernekomponentane våre mot 2028 er "den engasjerte eleven", utvikling av "det profesjonelle læringsfelleskapet" og "digitalisering". Vi tar del i Kleppskulen sitt satsingsområde Oracy, utviklar vårt eige skaparverkstad (maker space), tilbyr elevane våre ein hjernevennleg skulekvardag med leik og læring, og brukar Lesson study som metode. Engelsvoll skule er sentralt plassert nær togstasjonen Klepp stasjon. Det er ca. 10 minutt å gå frå togstasjonen opp til skulen. Skulen vår ligg nær Frøyandsvatnet med flotte natur- og aktivtetsområder, som skulen nyttar i ein aktiv og variert skulekvardag. Dette skuleåret har vi 160 elevar og 26 tilsette; lærarar, barne- og ungdomsarbeidarar, miljørettleiare og skuleleiing (rektor og to avdelingsleiarar). I tillegg har vi skulekonsulent, byggdriftar og helsesjukepleiar. Det er høg trivsel, solid og variert kompetanse blant dei tilsette, og vi håper at du vil vera med å bidra til det beste for elevar og kollegaer. Arbeidsoppgåver Vi søker etter deg som vil bidra til eit trygt, godt og inkluderande miljø for elevar og kollegaer. Det er difor viktig at ditt pedagogiske kompass er forankra i ein inkluderande pedagogikk der læring og utvikling skjer i aktivitet og saman med andre. Kjerneoppgåva er knytt til å bistå elevar slik at dei blir tilgjengelege for læring. Du bidrar til planlegging, gjennomføring og evaluering av faglege og sosiale økter i undervisning og SFO. Du blir og ein del av skulen sitt miljøteam, der du samarbeider med kollegaer om å tilby varierte, forebyggande aktivitetar for elevane ved skulen og SFO. For å kunne tilby elevane ei praktisk, variert og inkluderande kvardag på skule- og SFO, arbeider du i team med skuleleiing, lærarar og andre fagarbeidarar. Kvalifikasjonar Fagbrev innan barne - og ungdomsarbeidarfaget vil bli vektlagt. Det er ønskeleg med kompetanse/erfaring i grunnskulen. Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg. God norskkunnskap tilsvarende B1 eller høgare. Personlege eigenskapar Vi søker etter deg som er engasjert, fremoverlent og som ønsker å vere med å bygge ein kultur der ein samarbeider på tvers av kompetanse og roller. Du er lidenskapeleg opptatt av læring og leik, elsker å jobbe med barn og unge, og ser verdien av å bidra til eit inkluderande og trygt læringsmiljø. Du er ein autoritativ vaksen med solid leike - og relasjonskompetanse. Du er tålmodig og har eit blikk for å møte eleven der den er. Kapasiteten er høg og du søker utvikling på eigne vegne og for organisasjonen. Vi tilbyr På Engelsvoll skule har vi det jillt. Vi tilbyr ein spennande og allsidig jobb der du kan vere med på å gjere ein forskjell for elevane våre gjennom å vidareutvikla eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Du vil sjøvsagt få støtte og opplæring for å kunne gjere ein god jobb. Gode velferds- og forsikringsordningar. Lønn etter avtaleverk. KontaktinformasjonLise Følgesvold Pedersen, Rektor, +47 45036415 Liv Marit Wulvig Steen, SFO-leiar, +47 45260724, [email protected] ArbeidsstadEngelsvollvegen 91 4353 Klepp Stasjon Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5187218884 Stillingsprosent: 100% Vikar Sluttdato: 30.06.2027 Søknadsfrist: 11.10.2026 Om arbeidsgiveren: Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne. Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores