Now hiring

Rådgjevar @ NAV HJELPEMIDDELSENTRAL VESTLAND - FØRDE

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å gjere ein forskjell? Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har ledig eit vikariat i 100% stilling som rådgjevar på fagområdet rørsle/bustad. Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevelsar og Nav sitt samfunnsoppdrag. Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har 32 tilsette fordelt på to avdelingar. Vi er organisert under Nav hjelpemidler og tilrettelegging som består av ca. 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemidlar og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette ved hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn og vi løyser oppgåver gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi hjelper brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging. Arbeidsoppgåver rettleie brukarar, pårørande og samarbeidspartar om rørslehjelpemiddel formidle rørslehjelpemiddel gi råd, greie ut og formidle hjelpemidlar i bustad, hovudsakleg fastmontert utstyr halde kurs for brukarar og samarbeidspartar samarbeide tverrfagleg og tverretatleg reise ut på synfaring og utprøving hente inn pristilbod, registrering og dokumentasjon delta i nasjonale arbeidsgrupper og utviklingsarbeid planlegge og arrangere aktivitetsdagar- sommar og vinter Vi tek atterhald om endring av arbeidsoppgåver og ansvarsforhold. Kvalifikasjonar bachelor i fysioterapi eller ergoterapi førerkort klasse B god digital kompetanse skrive og snakke godt norsk Personlege eigenskaparVi ser etter deg som er fleksibel og klarer å arbeide sjølvstendig. Det er viktig at du er god på å bygge relasjonar og å sjå løysingar for brukarane/innbyggjarane. Arbeidsoppgåvene famnar over eit vidt spekter, du må difor ha stor arbeidskapasitet og vere strukturert. Vi arbeider i tverrfaglege team og du må like å samarbeide med andre. Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar.Vi tilbyr meiningsfulle og spanande arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde triveleg miljø og kjekke kollegaer fleksitidsordning lønn som rådgjevar, kr 639 000,- - 680 000,- pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse( 2% av bruttolønna vert trekt) for særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgre lønn vurderast KontaktinformasjonFrode Hovland, Avdelingsdirektør, 48108828 Inger Jorun Årseth, Avdelingsleiar, 95235287 ArbeidsstedSteinavegen 12 6800 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5187296210 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.03.2028 Søknadsfrist: 13.10.2026 Om arbeidsgiveren: Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester. Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit. Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne. Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no. NAVstilling

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores