Now hiring

Rådgjevar- Nasjonal Serviceteneste @ NAV HJELPEMIDDELSENTRAL VESTLAND - FØRDE

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å gjere ein forskjell? Nav hjelpemiddelsentral Vestland Førde utvidar den nasjonale servicetenesta med to nye stillingar. Vi ser etter deg som har eit brennande engasjement for gode tenesteopplevingar og Nav sitt samfunnsoppdrag. Vi er organisert under NAV hjelpemiddel og tilrettelegging, som består av om lag 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsetjingar og om korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og deltaking i samfunnet for alle. Dei tilsette ved hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn, og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi bistår brukarar, kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar med rådgjeving, opplæring og tilrettelegging. Førde har saman med Oslo, Vestfold og Telemark etablert ei ny nasjonal serviceteneste med til saman 24 tilsette, 8 av desse held til i Førde. NAV Hjelpemiddelsentral Vestland Førde har i dag 33 tilsette. Servicetenesta er NAV Hjelpemiddel og tilrettelegging si faglege førstelinje på hjelpemiddelområdet, og skal sikre at tenestene er tilgjengelege, effektive og brukarvennlege for alle som treng hjelpemiddel, råd og rettleiing. Rettleiarane skal gje rask, tydeleg og samordna rettleiing til kommunane, brukarar og andre samarbeidspartnarar, med mål om å løyse førespurnader ved første kontakt. Dei legg òg til rette for vidare dialog ved behov og rettleiar i bruk av sjølvbeteningsløysingar. Gjennom tett kontakt med brukarar og samarbeidspartnarar har servicetenesta ei viktig rolle i å fange opp informasjons- og utviklingsbehov, og bidreg til betre flyt, lik praksis og gode brukaropplevingar. Tenesta skal vere i front når det gjeld å ta i bruk ny teknologi og nye løysingar, og fungerer som eit bindeledd mellom brukarane, samarbeidspartnarane og fagmiljøa i NAV. Arbeidsoppgaver • Gje råd og rettleiing til kommunar, innbyggjarar og samarbeidspartar innan hjelpemiddelområdet, både munnleg og skriftleg • Rettleie i bruk av sjølvbeteningsløysingar • Identifisere informasjons- og utviklingsbehov og formidle kunnskapen vidare i organisasjonen • Bidra til gode samarbeidsrelasjonar • Bidra til å realisere NAV´s verksemdsstrategi og målbilde for hjelpemiddelområdet • Kvalitetssikre og utvikle/justere rutinar og verktøy som er nødvendig i tenesta. Utvikle kanalar for informasjonsdeling Fordi dette er ei teneste i utvikling, vil det kunne bli behov for endringar i arbeidsoppgåvene. Kvalifikasjoner• Bachelor i relevante fagområde innan til dømes helsefag, kommunikasjon–eller servicefag. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. • Svært gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg på norsk • Gode munnlege engelsk kunnskapar • Gode digitale kunnskapar og evne til å rettleie brukarar i sjølvbetente løysingarPersonlige egenskaper er rådsnar og sjølvstendig har evne til å være 100% til stades i kvart brukermøte har emosjonell styrke til å møte brukarar som er i krevjande livssituasjonar serviceinnstilt god på samarbeid endringsvillig, nysgjerrig og utviklingsorientert Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og referansar, og ser etter tilsette som møter innbyggjarar og samarbeidspartnarar med empati, tillit og respekt. Vi tilbyr Å vere med på å utvikle hjelpemiddelområdet Eit hyggeleg og godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer Løn som rådgjevar: Frå kr. 639.000,- til kr. 680.000,- Fleksitidsordning Trening i arbeidstida Mogelegheit for hybrid arbeidsdag Statlege tilsetjingsvilkår Medlemsskap og pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (2% trekk av løn) Korleis er det å jobbe hos oss – eigentleg? Vi vil at du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du får tilbod om stillinga, tilbyr vi deg ein omvend referansesjekk. Det betyr at du kan snakke med nokre av våre medarbeidarar og stille dei spørsmåla du måtte ønskje for å finne betre ut om vi er ein god match. KontaktinformasjonGeir Nygård, avdelingsleiar, 99223400, [email protected] Frode Hovland, avdelingsdirektør, 48108828, [email protected] ArbeidsstedSteinavegen 12 6800 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5150714447 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026 Om arbeidsgiveren: Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester. Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit. Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne. Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no. NAVstilling

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores