About this role
Vil du jobba med barn og ungdom – og gjera ein forskjell kvar dag? Ved Klepp helsestasjon har vi frå 01.01.2027 ei ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta. Vi søkjer deg som er engasjert helsesjukepleiar og som ønskjer å bidra til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom gjennom helsefremjande og førebyggjande arbeid. Om arbeidsstaden Helsestasjonstenesta er organisert i tenesteområdet Barn og unge under Oppvekst. Tenesteområdet omfattar også barnevern, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Klepp tverrfagleg team (KTT) og fritidstenester. Skulehelsetenesta har ei sentral rolle i kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom tett samarbeid med elevar, føresette, skular og andre faginstansar arbeider vi for tidleg innsats, meistring og heilskapleg oppfølging. Om stillinga Stillinga er knytt til skulehelsetenesta ved barne- eller ungdomsskule. Målgruppa er barn og ungdom i alderen 6 til 16 år. Som helsesjukepleiar vil du vera ein viktig støttespelar for elevar, føresette og skulen. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåver Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn og ungdom for tidleg identifisering av behov og oppfølging Individuelle samtalar, rettleiing og oppfølging av elevar Undervisning trinnvis og i grupper Gjennomføring av helseundersøkingar og vaksinering Tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og andre faginstansar Kvalifikasjonar Kvalifikasjonar: Autorisasjon som helsesjukepleiar Er du i utdanningsforløp som helsesjukepleiar, kan du også søkje Erfaring frå arbeid med barn og ungdom er ønskelig God munnleg og skriftleg framstillingsevne Gyldig politiattest Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som: Har gode samarbeidsevner brenn for å fremje god helse og livsmeistring hos barn og ungdom Møter barn, ungdom og føresette med respekt, tryggleik og varme byggjer gode relasjonar og skaper tillit Tek ansvar, arbeider sjølvstendig og har god gjennomføringsevne Trivst med samarbeid og ser verdien av tverrfagleg arbeid Er fleksibel og løysingsorientert Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi tilbyr Vi tilbyr: Ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for barn og ungdom kvar dag Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Tett samarbeid i tverrfaglege team Faste fagmøte, rettleiing og gode moglegheiter for kompetanseutvikling Fadderordning og god oppfølging i oppstartsperioden Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling Løn etter gjeldande avtalar KontaktinformasjonInger Olsson, Leder, +47 90804283 ArbeidsstadOlav Hålandsveg 2 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5187914808 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.10.2026 Om arbeidsgiveren: Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne. Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.