Now hiring

Helsesjukepleiar @ KLEPP KOMMUNE SKULE- OG HELSESTASJONSTENESTA

NO0A1, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du jobbe med ungdom - og gjøre en forskjell hver dag? Klepp helsestasjon har ledig eit vikariat i 100 % stilling frå 01.08.2026 til 31.12.2026, med moglegheit for forlenging. Vi ser etter ein engasjert helsesjukepleiar til skulehelsetenesta ved ungdomsskule. Her får du arbeide tett med ungdom, med fokus på helsefremjande og førebyggjande arbeid i ei viktig livsfase. Om arbeidsstaden Helsestasjonstenesta er organisert i tenesteområdet Barn og unge under Oppvekst. I tillegg til helsestasjonstenesta omfattar Oppvekst barnevern, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Klepp tverrfagleg team og tenester innan fritid. Skulehelsetenesta har ei sentral rolle i kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom samarbeid med elevar, føresette, skular og andre fagtenester arbeider vi for tidleg innsats og heilskapleg oppfølging av ungdom. Om stillinga Stillinga omfattar arbeid i skulehelsetenesta ved ungdomsskule, der hovudmålgruppa er elevar i alderen 13–16 år. Arbeidsoppgåver Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot ungdom Individuelle samtalar, rettleiing og oppfølging av elevar Undervisning i klasse og grupper Gjennomføring av helseundersøkingar og vaksinering Tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og andre faginstansar Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsesjukepleiar Sjukepleiarar med relevant vidareutdanning/erfaring kan òg søkje Erfaring frå arbeid med ungdom er ønskelig God munnleg og skriftleg framstillingsevne Gyldig politiattest Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som: har eit sterkt engasjement for ungdom si helse og utvikling er trygg i møte med ungdom og flink til å byggje relasjonar arbeider sjølvstendig og strukturert har gode samarbeidsevner er fleksibel og løysingsorientert Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi tilbyr Meiningsfullt arbeid med ungdom i ein viktig livsfase Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø Faste møter i faggrupper og fellesmøter for personalet i tjenesten Vi har fadderordning som sikrer trygg oppstart og oppfølging Moglegheit for fagleg utvikling Løn etter gjeldande avtalar KontaktinformasjonInger Olsson, Leder, +47 90804283 ArbeidsstadOlav Hålandsveg 2 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5147713492 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 03.08.2026 Om arbeidsgiveren: Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne. Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores