About this role
Kanskje er du vår nye kollega? Vi har ledig; 1 x 100 % fast stilling, oppstart snarast eller etter avtale 1 x 80 % fast stilling, oppstart 02.11.26 eller etter avtale Stillingane er for tida knytte til natt , men vi er opptekne av å finne gode løysingar og prøver så langt det let seg gjere å imøtekome ønskje om turnus og tilrettelegging. Medisin 3 har 25 sengeplassar innan fagområda hjarte, infeksjon og geriatri. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og gode moglegheiter for å utvikle brei klinisk kompetanse. Vi har fagsjukepleiarar innan alle fagområda, og satsar på fagleg utvikling gjennom fagdagar, internundervisning og læring i kvardagen. Vi er stolte av arbeidsmiljøet vårt. Her blir du ein del av ei inkluderande og engasjert kollegagruppe som støttar kvarandre, deler kunnskap og arbeider saman for å gi best mogleg pasientbehandling. Kvardagen er prega av tett samarbeid i tverrfaglege team, der alle bidreg med sin kompetanse for å skape trygge og gode pasientforløp. Vi tilbyr tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg, samt moglegheit for frivillige langvakter på vekedagar og helger. For dei som ønskjer det, kan langvakter gi arbeid kvar fjerde helg. Vi ønskjer å leggje til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid. Ønskjer du ein arbeidsplass der du blir sett, inkludert og utfordra fagleg? Då håpar vi du søkjer hos oss. Vi ser fram til å bli kjent med deg! Velkomen som søkjar – kanskje er det nettopp deg vi ønskjer med på laget vårt! Arbeidsoppgåver Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke pasientar Legemiddelhandtering Tverrfagleg samarbeid Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningsliner Rettleiing av studentar og kollegaer Samhandling med kommunehelsetenesta Delta i forbetringsarbeid Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Relevant videreutdanning og erfaring kan bli vektlagt Du må meistre norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar Du er fleksibel, strukturert, samt fag- og løysningsorientert Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar Du bidreg til vårt gode arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her . KontaktinformasjonKatrine Dalstein Myrvang, Seksjonsleiar, 71118806, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5186167130 Stillingsprosent: 100, 80% Fast Startdato: 02.11.2026 Søknadsfrist: 14.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal