About this role
I heimetenesta er det ledig 81,46% fast stilling som helsefagarbeider. Det kan også blir fleire ledige stillingar. Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun, der fleire helse- og omsorgstenester er samla. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre. Vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Heimetenesta gjer tenester til brukarar i omsorgsbustader og i private heimar rundt om i bygda Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg Tverrfaglig arbeid med rehabilitering og kvardagsmestring i tenesteområdet Kvalifikasjonar Fagbrev som helsefagarbeidar Gode norskkunnskapar Det er det krav om førarkort klasse B Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgtjenesteloven §5-4 Personlege eigenskapar Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring, miljøarbeid og velferdsteknolog Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr 2-delt turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg • Nødvendig opplæring og rettleiing • Kompetanseheving • Opplæring i fagsystem • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP KontaktinformasjonÅse Bolstadbråten, Avdelingsleiar Heimetenesta, +47 90836809 ArbeidsstadBygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5186036853 Stillingsprosent: 81,46% Fast Søknadsfrist: 18.10.2026 Om arbeidsgiveren: Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede! Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet. Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes. Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no .