About this role
Det er ledig 51,29% stilling som nattevakt ved Helsetunet i Øystre Slidre kommune frå 01.12.2026. Søkjarar kan òg bli vurderte for andre stillingar som vert ledige. Vil du vere ein del av laget vårt? Vi held til i nye og moderne lokale, der institusjon, omsorgsbustader og heimeteneste held til i same bygg. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre. Arbeidsoppgåver Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer Samarbeid og tverrfagleg med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg Kvalifikasjonar Det er krav om fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeidar Gode norskkunnskapar Sertifikat i klasse B Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstenesteloven §5-4 Personlege eigenskapar Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring og velferdsteknologi Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr Turnus med kvar 3. helg Nødvendig opplæring og rettleiing Kompetanseheving Opplæring i fagsystem Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP KontaktinformasjonIngrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, +47 95940309 ArbeidsstadBygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5178489224 Stillingsprosent: 51,29% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026 Om arbeidsgiveren: Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede! Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet. Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes. Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no .