Now hiring

Overlege i psykiatri @ Helse Fonna HF

NorgeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og utvikle psykisk helsevern ved Folgefonn DPS? Hos oss blir du del av eit inkluderande, tverrfagleg behandlingsmiljø med overlegar, psykologspesialistar, legar i spesialisering og andre faggrupper. Vi vidareutviklar både polikliniske tilbod og døgnbehandling. Arbeidsplassen er på Valen, anten i poliklinikk eller døgnseksjon. Intervju kan bli gjennomførte fortløpande i utlysningsperioden. Kva går jobben ut på? • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar. • Tverrfagleg klinisk arbeid i team. • Rettleiing og internundervisning. • Deltaking i felles bakvaktsordning med Valen sjukehus. • Samhandling med pårørande og kommunehelsetenestene. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon og godkjend spesialisering i psykiatri. • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Kva ser vi etter hos deg? • Du finn løysingar og arbeider strukturert. • Du kommuniserer og samarbeider godt med andre. • Du trivst i eit aktivt miljø med varierte utfordringar. • Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet. Kvifor skal du velje oss? • Kompetanseutvikling og vidareutdanning. • Moglegheit for å delta i prosjekt og kvalitetsutvikling. • Eit sterkt fagleg fellesskap og eit godt arbeidsmiljø. • Medlemskap i pensjonsordning med 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring. • Ein inkluderande arbeidsplass (IA-bedrift). • Moglegheit for overgangsbustad. Beskrivelse av arbeidsgiver Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar og gir spesialiserte helsetenester til meir enn 180 000 innbyggjarar i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Folgefonn DPS tilbyr psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) på Valen og i Odda. Det tverrfaglege fagmiljøet gir behandling til innbyggjarane i Kvinnherad og Ullensvang. Les meir på www.helse fonna.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores