About this role
Vil du kombinere laboratoriearbeid med fagutvikling og vere med på å utvikle kreftdiagnostikken? Hos oss får du arbeide i eit nytt laboratorium der vi bruker ny og avansert teknologi, høg grad av automasjon og digitale løysingar. Som fagansvarleg vil du ha ei sentral rolle i å sikre høg fagleg kvalitet og bidra til vidareutvikling av laboratoriet sine immunhistokjemiske analysar. Du vil vere ein viktig samarbeidspartnar for patologar, laboratoriemedarbeidarar og andre fagmiljø. Arbeidet ditt vil bidra til påliteleg diagnostikk og leggje til rette for meir persontilpassa behandling. Stillinga er fast og i 100 prosent. Vi håpar du vil vere med på den vidare utviklinga av fagområdet hos oss.👉 Grip moglegheita til å vere med og forme framtida si kreftdiagnostikk! Søk no.