About this role
Avdelingsleiar fysioterapi og ergoterapi – 100 % fast stillingEr du ein tydeleg, engasjert og utviklingsorientert leiar som ønskjer å bidra til gode helse- og meistringstenester for innbyggjarane i Haram kommune? Då kan dette vere stillinga for deg!Vi søkjer ein fagleg sterk og utviklingsorientert avdelingsleiar for fysioterapi og ergoterapi. Stillinga er 100 % fast, med 50 % administrativt leiararbeid og 50 % utøvande, pasientretta arbeid. Du får dermed høve til å kombinere leiing og fagutvikling med direkte arbeid med innbyggjarane.Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å leie, koordinere og vidareutvikle tenestene. Du får personal-, økonomi- og fagansvar og blir ein del av leiargruppa for helsetenester, saman med tenesteleiar, avdelingsleiar for legetenesta og avdelingsleiar for psykisk helse og rus.Vi ser etter deg som har stor arbeidskapasitet, trivst med eit høgt tempo og likar ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag. Du må kunne handtere fleire oppgåver samtidig, vere løysingsorientert og evne å prioritere når arbeidsdagen krev det.Om tenesta:Fysio- og ergoterapitenesta er ei tverrfagleg teneste med 4,5 årsverk fysioterapeut, 2 årsverk ergoterapeut, 0,8 årsverk innan velferdsteknologi og 1 årsverk hjelpemiddelteknikar, i tillegg til avdelingsleiar. Vi er per i dag samlokaliserte i Kompetanseparken i Brattvåg.Tenesta arbeider med helsefremjande, førebyggjande, habiliterande og rehabiliterande tiltak og har eit tett samarbeid med andre faggrupper og kommunale tenester. Vi ønskjer å utvikle tenestene vidare med fokus på fagleg kvalitet, god ressursutnytting, tverrfagleg samarbeid og gode løysingar for innbyggjarane.Som avdelingsleiar vil du få ei viktig rolle i dette utviklingsarbeidet, samtidig som du sjølv er ein aktiv del av det faglege arbeidet gjennom den utøvande delen av stillinga.Stillinga er organisert under kommunalområde Livsløp, som samlar fleire tenester som er viktige bidragsytarar til å støtte opp om livsløpet til innbyggjarane i Haram kommune. Livsløp omfattar mellom anna: Psykisk helse og rus, helsestasjon og jordmor, pedagogisk fagsenter, ressursbase, integrering, barnevern, NAV, fysioterapi og ergoterapi og legetenesterI Haram kommune er vi opptekne av å utvikle gode, heilskaplege og framtidsretta tenester. Vi skal spele kvarandre gode, dele kompetanse og samarbeide på tvers av fagområde og tenester. Slik ønskjer vi å skape robuste tenester som møter behova til innbyggjarane våre.