About this role
Vil du vere med å forme framtidas palliative teneste i Møre og Romsdal? Ved Kreftavdelinga Ålesund sjukehus har vi ledig 100 % fast stilling som overlege i palliativt team frå 1. april 2027. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk lege som ønskjer å bidra til utvikling av palliasjon som fagfelt, og til å gi pasientar og pårørande behandling og oppfølging av høg kvalitet. Palliativ medisin er eit fagområde i sterk utvikling og omfattar avansert symptomlindring, medisinske vurderingar, kommunikasjon og tett samarbeid med både spesialist- og kommunehelsetenesta. Stillinga gir unikt høve til å arbeide breitt klinisk og samtidig bidra til fagutvikling, undervisning og samhandling på tvers av nivåa i helsetenesta. Vi lyser i utgangspunktet ut stillinga som ei fast 100 % stilling, men vi oppmodar også legar som ønskjer deltidsstilling eller kombinasjonsstilling til å søkje. Det kan vere aktuelt å dele stillinga mellom to søkjarar, om ein ser dette som mest hensiktsmessig gjennom søknads - og tilsettingsprosessen. Om palliativt team; Palliativt team ved Ålesund sjukehus er organisert i Kreftavdelinga og arbeider tett saman med andre spesialistar, sjukepleiarar og andre faggrupper kring pasientar med alvorleg sjukdom og komplekse symptom. Teamet har ei sentral rolle i samhandlinga mellom sjukehuset og kommunane, og bidreg med rådgiving, rettleiing og kompetansebreidding til helsepersonell i heile regionen. Arbeidet omfattar pasientar med kreftsjukdom, men og pasientar med andre alvorlege og livsavgrensande sjukdomar som har behov for spesialisert palliasjon.