Now hiring

Lege i spesialisering (LIS 3) @ Helse Fonna HF

STORDOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Allmennpoliklinikk for vaksne ved Stord DPS/ BUP er delt opp i to behandlingsteam, med faste teammøte med fokus på gode kliniske drøftingar og vurderingar. Vi er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for vårt dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. Allmennpoliklinikken er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell, inkludert lege- og psykologspesialistar. Vi har ledig vikariat som LIS 3 i allmennteamet ved poliklinikken.Stord DPS har over tid hatt eit sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet. Som ein del av dette har vi implementert ei rekkje spesialiserte gruppetilbud, mellom anna 4-dagars angstbehandling/OCD-team (klinikkovergripande). Hos oss søkjer vi heile tida å arbeida systematisk og langsiktig med pasientkvaliteten. Vi har etablert lokalt kvalitetsregister som eit ledd i kvalitetsforbetring og å leggja til rette for klinikknær forsking.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores