About this role
Vil du vere med å utvikle kreftbehandlinga i ei moderne og fagleg sterk eining, som i tillegg har eit godt arbeidsmiljø? Ved Kreftavdelinga på Ålesund sjukehus har vi ledig 100 % fast stilling for spesialist i onkologi frå 4. januar 2027. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk onkolog som ønskjer å bidra til vidare utvikling av eit godt pasienttilbod, i tett samarbeid med kollegaer på tvers av fagområde. Det onkologiske tilbodet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal består mellom anna av;Fylkesdekkande sengepost og stråleterapieining i ÅlesundPalliative team, poliklinikkar og Pusterom Ålesund/SNR/VoldaVardesenter i Ålesund med satelittar på dei andre sjukehusaOnkologi er eit svært spennande og variert fag som utviklar seg raskt med tanke på nye behandlingsmetodar og teknikkar. Faget gir gode høve for forsking og det er etablert eige forskingsutval i klinikken.Seksjonen gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.