About this role
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt gjennom heile året. Barnehagen har 97 barn og 33 tilsette fordelt på seks basar per idag. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Per idag er vi lokalisert på gamle Vatne barneskule, i påvente av utbygging i Tennfjord. Vi søker deg som er aktiv, leiken, omsorgsfull, fagleg engasjert og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ønsker å bidra til å gi dei ein god oppvekst ? Då håper vi at akkurat du skal søke på stillinga hos oss.Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.