Now hiring

Vil du vere med og skape trygge netter for våre bebuarar? @ SULDAL SJUKEHEIM

NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om Suldal sjukeheim Me har to pleieavdelingar med totalt 38 rom Me har årsturnus Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet Om stillinga Stillingsstorleik: 92 % Stillingstype: fast Turnus: arbeid kvar 3. helg, langvakter i helg Oppstart: 01.12.26 Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig Arbeidsoppgåver Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie av bebuarane ved sjukeheimen Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeidar Personlege eigeskapar vil bli vektlagt Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar medtryggleik og respekt Gode datakunnskapar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: Er trygg og sjølvstendig i faglege vurderingar Tek ansvar og arbeider strukturert Er lærevillig og nysgjerrig på velferdsteknologi Bidreg positivt til arbeidsmiljø og samarbeid Tilsett i Suldal kommune Helsefagarbeidarar får eit tillegg på kr. 10.000 Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal. Sjå her: Prøvebu i Suldal - Suldal kommune heimeside Me har gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP Me har bedriftshelseteneste Me har løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk Me har nynorsk som administrasjonsspråk Andre opplysingar Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarliste Slik søkjer du Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00 Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Nye Suldal sjukeheim får 38 plasser fordelt på to avdelingar. Suldal sjukeheim er heimen til innbyggjarane som av ulike orsakar ikkje har helse til å bu i eigen heim lenger. Me har langtidsplassar og korttidsplassar, kommunal akutt døgnpost, og drive avansert sjukepleie og medisinsk behandling. Me driv rehabilitering, avlastning og palliativ omsorg ved livets slutt. Innan fem år har me mål om å vera sertifisert Livsglede sjukeheim. Å ha gode etiske haldningar og tid til refleksjon er viktig for oss. Me har fokus på gode pasientforløp og jobbar etter «Kva er viktig for deg?» prinsippet. Me yt personsentrert omsorg, og er i ferd med å implementere TID-modellen. Me har eige kjøkken og vaskeri, og samarbeider tett med helseavdelinga, tildelingskontoret og Suldal heimetenester.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores