About this role
Me treng nye kollegaer som vil bli ein del av det gode arbeidsmiljøet vårt. Suldal sjukeheim har behov for deg som kan tenkje deg ei helgestilling eller vere ringevikar sjå oss! Våren 2025 flytta me inn i nye flotte og moderne lokaler, der alt ligg til rette for å kunne trivast! Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet Me har årsturnus Om stillingane Stillingsstorleikar: arbeid kvar 3. helg eller etter behov Stillingstype: fast helgestilling eller ringevikar Oppstart: snarest Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig Arbeidsoppgåver Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie av bebuarane ved sjukeheimen Kvalifikasjonar Personlege eigeskapar vil bli vektlagt Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar medtryggleik og respekt Gode datakunnskapar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Hjå oss i Suldal kommune får du Fagleg og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Engasjerte og dyktige kollegaer Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP Bedriftshelseteneste Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk Nynorsk som administrasjonsspråk Andre opplysingar Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikjke vere eldre enn tre månadar Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarliste Slik søkjer du Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan ålogge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00 Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Nye Suldal sjukeheim får 38 plasser fordelt på to avdelingar. Suldal sjukeheim er heimen til innbyggjarane som av ulike orsakar ikkje har helse til å bu i eigen heim lenger. Me har langtidsplassar og korttidsplassar, kommunal akutt døgnpost, og drive avansert sjukepleie og medisinsk behandling. Me driv rehabilitering, avlastning og palliativ omsorg ved livets slutt. Innan fem år har me mål om å vera sertifisert Livsglede sjukeheim. Å ha gode etiske haldningar og tid til refleksjon er viktig for oss. Me har fokus på gode pasientforløp og jobbar etter «Kva er viktig for deg?» prinsippet. Me yt personsentrert omsorg, og er i ferd med å implementere TID-modellen. Me har eige kjøkken og vaskeri, og samarbeider tett med helseavdelinga, tildelingskontoret og Suldal heimetenester.