About this role
Likar du å arbeide med menneske, og har høve til å ta på deg fast arbeid på helg? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Miljøarbeidartenesta, avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen) har ledige helgsestillingar med gjennomsnittleg arbeid kvar 4 helg (fredag kveld, og langvakt 12,5-14 timar lørdag og søndag). Miljøarbeidartenesta yter tenester til personar med utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg fagmiljø der vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet. Arbeidet i desse avdelingane er retta mot personar med omfattande bistandsbehov, og arbeidet omfattar mellom anna pleie- og omsorgsoppgåver, helseoppfølging, tilrettelegging i kvardagen og miljøarbeid. Avdelingane har både avlasting til barn og oppfølging av vaksne i eigen heim. Du får nødvendig opplæring og rettleiing, både på arbeidsplassen og gjennom kurs, slik at du blir trygg i rolla di. Hos oss blir du ein del av eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer og moglegheit for både fagleg og personleg utvikling. Har du spørsmål til stillinga? Ta gjerne kontakt for ein prat. Tilredning etter avtale. ArbeidsoppgåverOppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av: Oppfølging av tenestemottakarar ut frå individuelle tiltak og behov Pleie- og omsorgsoppgåver og praktisk bistand til daglege gjeremål Tilrettelegging og miljøarbeid Observasjonar og dokumentasjon Kvalifikasjonar Helse- og sosialfagleg kompetanse; student, fagarbeidar, miljøterapeut, vernepleiar eller sjukepleiar eller Ynskje om å arbeide med målgruppa sjølv utan formell fagkompetanse Du må vere over 18 år og kunne snakke og skrive godt norsk Førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav Grunnleggjande digitale ferdigheiter til å nytte journal- og fagsystem Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Prøvetid 6 mnd. Personlege eigenskapar Du ser heile mennesket og møter andre med respekt og omsorg Du er ansvarsbevisst og løysingsorientert Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Du tek rettleiing og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Ein meiningsfull jobb med kjekke kollegaer og moglegheit for fagleg og personleg utvikling. Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg. Tillegg på kr 500 pr. vakt med langvakter laurdag og søndag. KontaktinformasjonJulie Kristin Lothe, Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta, 479 93 050 Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159 ArbeidsstadGrandavegen 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5079660544 Stillingsprosent: 23% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026 Om arbeidsgiveren: Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper. Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.