Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar (vikariat) @ EIVINDVIK BARNEHAGE

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kjekt vikariat i Gulen kommune Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule (avd. barnehage), har ledig fylgjande: I inntil 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 12.12.2026 - 22.10.2027. Hjå oss får du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag, der leik, læring og gode opplevingar står i sentrum. Vi brukar naturen og nærområdet aktivt i det pedagogiske arbeidet, og dagsturhytta er ein fast og populær turstad for både små og store. Du vert ein del av eit godt fagmiljø med rom for utvikling, samarbeid og nye idear. Barnehagane i Gulen kommune tilbyr: fokus på fagleg utvikling og erfaringsdeling små og oversiktlege barnehagar, også godt eigna for nyutdanna eit godt arbeidsmiljø rettleiing og støtte i arbeidet nettverkssamarbeid mellom tilsette i barnehagane i kommunen Velkomen som søkjar! Arbeidsoppgåver Medverke til at barnehagen og skulen er ei god pedagogisk verksemd Medansvar for tilbyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn Andre oppgåver som måtte kome til Kvalifikasjonskrav Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjend utdanning kan verte vurderte Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding Erfaring frå arbeid i barnehage eller med barn og unge er ønskjeleg Interesse for friluftsliv og for å bruke naturen aktivt i det pedagogiske arbeidet er ein fordel Kjennskap til rammeplanen for barnehagen er ønskjeleg Personlege eigenskapar Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna Fleksibel og har gode samarbeidsevner Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering Om arbeidsgiveren: Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har 2301 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores