Now hiring

Barnehagelærar, 20% vikariat og pedagogisk leiar, 20% vikariat @ EIVINDVIK BARNEHAGE

Norway (NO0A2)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule, har ledig fylgjande stillingar: 20% vikariat som barnehagelærar for barnehageåret 2026/2027 20% vikariat som pedagogisk leiar frå 24.08.2026 - 31.05.2027 Skriv i søknaden om du ynskjer å søkje på begge stillingane samla, eller berre på ein av dei. Eining Eivindvik barnehage og skule er gode på å bruke naturen og elles nærområde i sitt pedagogiske opplegg. Dagsturhytta er, til dømes, flittig brukt av både små og store. Drøymer du om ein jobb der du får bety noko for andre – kvar einaste dag? Då er du hjarteleg velkomen til å søkje hjå oss! Barnehagane i Gulen har: Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar Godt arbeidsmiljø Tilbod om rettleiing Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen Arbeidsoppgåver for barnehagelærar/pedagogisk leiar Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga Delta i den daglege drifta Andre oppgåver som måtte kome til Kvalifikasjonar Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg Gyldig politiattest Personlege eigenskapar Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar Har evne til å sjå kvart enkelt barn, og skape gode og trygge relasjonar med borna Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering Om arbeidsgiveren: Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores