Now hiring

Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søker etter ein engasjert og trygg psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar til eit 100% vikariat i vår døgnavdeling på DPS. Døgnposten har 17 sengar, 14 plassar for generelt døgntilbod og tre sengar brukerstyrte plassar. Pasientane våre kjem elektivt og ved interne overflyttingar frå andre sjukehuspostar. Ved vår avdeling tilbyr vi utgreiing og behandling. Miljøterapi er ein viktig del av tilbodet i døgnposten og inneber at vi tilbyr mellom anna IMR (illness management and recovery), gruppeterapi, friluftsterapi, grupper med fysioterapeut og liknande. Hos oss får du ein variert og meningsfull arbeidskvardag med fokus på heilskapleg oppfølging av pasientar med psykiske helseutfordringar. Du blir en del av et tverrfaglig team med dyktige og engasjerte kollegaer. Arbeidsoppgåver Pasient oppfølging/koordinering Medikamenthåndtering Tverrfagleg samarbeid Pasientundervising og oppfølging til pårørande Miljøoppgaver Rettleiing av studenter Kvalifikasjonar Offentleg godkjent sjukepleiar fortrinnsvis med videreutdanning innan psykisk helsearbeid Erfaring med arbeid innan psykiske lidingar er ønskeleg Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskapar Sertifikat for bil Personlege eigenskapar Du har gode samarbeidsevner og er fagleg engasjert Du er trygg, fleksibel og opptatt av pasientens beste Du er Initiativrik, kreativ og positiv Du har god arbeidskapasitet, godt humør og bidreg til positivt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. KontaktinformasjonSiw K. Kringstad, Seksjonsleiar, +47 957 84 240, [email protected] Stine-Mari Valde, Teamkoordinator, 70106786 ArbeidsstadVegsundvegen 68 6020 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5175565467 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 13.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores