About this role
Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus er ei spennande og aktiv avdeling, som har ca. 1200 fødslar pr år. Vi søkjer sjukepleiarstudentar som ønskjer verdifull erfaring innan føde- og barselomsorg. Som tilkallingsvikar vil du bidra i den daglege drifta saman med jordmødrer, barnepleiarar og sjukepleiarar, og få moglegheit til å utvikle kompetanse innan kvinne- og barnehelse. Det kan være aktuelt med arbeid på helg, i ferieperioder, samt høve for ekstravakter utover dette. Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gler oss til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Ivaretaking av mor og barn etter fødsel Vegleiing i amming og barnestell Observasjonar av mor og barn Assistere jordmor ved fødsel Kvalifikasjonar Sjukepleiarstudent, gjerne frå 2. studieår eller høgare Interesse for arbeid med gravide, fødande, barselkvinner og nyfødde Ønskeleg med erfaring frå helsetenesta, men ikkje eit krav Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Grunnleggande digitale ferdigheiter Må kunne arbeide sjølvstendig innanfor gitte rammer og søkje rettleiing ved behov Personlege eigenskapar Du er ansvarsbevisst og påliteleg Du er fagleg interessert og motivert for å lære Du er omsorgsfull, empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Du er fleksibel og innstilt på å bidra ved behov Du har evne til å arbeide strukturert i ein travel kvardag Du trivst med både sjølvstendig arbeid og arbeid i team Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her . KontaktinformasjonMarianne Bakken Omvik, Seksjonsleiar, +47 70105921, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5182374351 Stillingsprosent: 0% Tilkalling/Timebasis Søknadsfrist: 02.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal