Now hiring

Sekretær/Helsesekretær @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med på vinnerlaget og skape helsetenester til våre pasientar i eit spennande fagmiljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg! Stråleterapiseksjonen i Ålesund har ledig et 70% vikariat som sekretær/helsesekretær frå snarast og til og med 30.09.2027, med moglegheit for forlenging. Ved interne omrokkeringer vil stillingsprosenten kunne endres. Stråleterapiseksjonen er lokalisert i kreftbygget og er ein del av det onkologiske fagmiljøet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen gir eit fylkesdekkande tilbod innan stråleterapi for pasientar i Møre og Romsdal. Merkantil seksjon er knytt til stråleterapi, men du vil ikkje jobbe direkte med stråleterapi. Som sekretær hos oss, blir du inkludert i eit svært tverrfagleg team og vi yter service både til poliklinikken og sengeposten i kreftavdelinga. Du vil samarbeide både med legar, sjukepleiarar på kreftpoliklinikken, og personale på stråleterapien. Vi roterer på dei fleste arbeidsoppgåvene og du bør vere førebudd på å serve både poliklinikk og sengepost. Arbeidsoppgåver Sekretær/helsesekretær si rolle inneheld overordna grad av service, kommunikasjon, formidling, koordinering og øvrig merkantilt arbeid Sekretæren/helsesekretæren skal støtte og tilrettelegge for pasientar, pårørande og pasientbehandlarar Delta i seksjonen sine daglege arbeidsoppgaver i poliklinikk/sengepost (eks: telefon, post, luke, handtering av ventelister, dokumentasjon, koding og rapportering) Sekretæren/helsesekretæren skal arbeide etter Helse Møre og Romsdal sine verdier: Kvalitet – Tryggleik – Respekt Kvalifikasjonar Relevant erfaring Utdanning/autorisasjon som sekretær/helsesekretær Må beherske norsk skriftleg og munnleg Gode datakunnskapar Fordel med erfaring i Helseplattformen Kjennskap til prosedyrearbeid og kvalitetssystem (EQS etc.) Personlege eigenskapar Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer Du er engasjert, fleksibel og har godt humør Du trivst i eit hektisk miljø Du er innovativ, nysgjerrig, initiativrik og endringsvillig Du må kunne samarbeide på tvers av faggrupper Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her . KontaktinformasjonKristin Farstad, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5178372772 Stillingsprosent: 70% Vikariat Sluttdato: 30.09.2027 Søknadsfrist: 24.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores