About this role
Ledig vikariat som helsesekretær i 50% Eikelandsosen Legekontor søkjer etter ein motivert og engasjert helsesekretær til vikariat frå snarast og i 6 månader. Vi er eit 4-legepraksis og held til i romlege, lyse lokale. Lokale har m.a. akuttstove, sårstove og laboratorie med Spirometri, EKG og 24 t BT kopla opp mot epj. Eikelandsosen er samlokalisert med legevakt og legesenteret er fullt utstyrt med akuttmedisinsk utstyr. Her vil du få ein spennande kvardag i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Arbeidsstad Eikelandsosen legekontor, Bjørnafjorden kommune Arbeidsoppgåver Timebestillingar Telefonservice og pasientinformasjon Pasienthåndtering på laboratoriet og sårstove Assistering av legane Journalføring (Infodoc) Anna pasientretta praktisk arbeid i samarbeid med lege Anna administrativt arbeid Kvalifikasjonar Du har autorisasjon som helsesekretær eller helsefagarbeidar Det er ønskeleg at du har erfaring frå legekontor Det er ønskeleg med erfaring i Infodoc journalsystem Du beherskar godt norsk både skriftleg og munnleg Vi legg vekt på personlege eigenskapar, og ønsker at du har utprega serviceinnstilling, er samarbeidsorientert og kan jobbe sjølvstendig Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent Ved tilsetting må du leggje fram gyldig politiattest i samsvar med § 20a i helsepersonellova. Vi tilbyr Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Løn etter gjeldande avtalar Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?