About this role
Sunnfjord Brann og redning har 6 brannstasjonar med omlag 70 deltidstilsette og hovudbrannstasjonen i Førde har dagkasernering. Vi har eit breitt spekter av oppgåver som skapar ein svært spennande og variert arbeidskvardag. Vi har ledig: 100 % fast stilling som leiar for brannberedskapen. Vi søkjer ein trygg og fagleg sterk leiar til ansvar for den operative brannberedskapen. Du får ansvar for å leie og utvikle beredskapen, følgje opp mannskap, kompetanse, øvingar, utstyr og operative rutinar, og bidra i plan- og analysearbeid knytt til risiko og beredskap. Arbeidsoppgåver: administrativ og fagleg leiing av beredskapsavdelinga utarbeide, vedlikehalde og kvalitetssikre det operative planverket for brannberedskapen implementere og følgje opp HMS- rutinar ta del i leiinga av brannvesenet funksjonar som vikar for brannsjef og overordna vakt kan bli lagt til stillinga Kvalifikasjonar:Du må: oppfylle kompetansekrava til leiar for beredskapsarbeidet etter brann- og redningsvesenforskrifta, og: ha universitets- eller høgskoleutdanning på bachelornivå, eller ha kvalifikasjonar som utrykkingsleiar i heiltidsbrannvesen. Ein må då vere villig til å gjennomføre naudsynt befalsutdanning ved Brann- og redningsskolen. ha relevant leiarerfaring og dokumentert operativ erfaring ha gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg ha førarkort klasse B Kurs i overordna vaktberedskap og innsatsleiing må vere gjennomført, eller gjennomførast innan fristen fastsett i forskrifta. Vi ser etter deg som er tydeleg, strukturert og trygg i leiarrolla. Du må kunne ta gode avgjerder under press, stille krav til kvalitet og tryggleik, og samarbeide godt med medarbeidarar og andre beredskapsaktørar. Vi søker deg som har: operativ erfaring frå brann- og redningsvesen erfaring med operativ leiing av personell god kunnskap om innsatsleiing, beredskapsplanlegging og relevant regelverk erfaring med øving, kompetanseutvikling og systematisk HMS-arbeid gode datakunnskapar Vi tilbyr: ei sentral og samfunnsviktig leiarstilling eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø varierte og utfordrande arbeidsoppgåver gode pensjons- og forsikringsordningar Velkomen som søkar! Du må søke elektronisk. Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.