About this role
F jord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Fedje-Sævrøy, pt. trafikkert av vår flotte el-ferje MF Fedjebjørn. Turnusordninga er 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord. Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer. Arbeidsgjevar dekker reiseutgifter mellom heim og arbeidsstad etter dei retningslinjene som er fastsette. Tilsetjing skjer etter avtale, med ønske om oppstart så snart som mogleg. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande. Arbeidsoppgåver Utføre billettering, bruvakt og anna førefallande arbeid om bord Løyse arbeidsoppgåver pålagt av næraste overordna Handtere oppgåver knytt til alarminstruks og beredskap Delta i verne- og miljøarbeid for å sikre tryggleik og god drift Sikre god kundehandsaming og service for passasjerane Fortøying Kvalifikasjonar Ferdighetsertifikat matros Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring Ferdigheitssertifikat HMOB Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund. Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Sjøvakt: 2 veker på og 2 veker av Ein bur om bord i arbeidsperioden. Reise til/fra jobb vert dekt av arbeidsgjevar. Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår! KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, [email protected] ArbeidsstedFv568 220 5943 Austrheim Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5185660463 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.10.2026 Om arbeidsgiveren: Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret. Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald. Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.